Om Vestnes Islandshestforening

Vestnes Islandshestforening er ei lokalforening under Norsk Islandshestforening. VIHF ble stiftet i Vestnes kommune i 1979, og har hovedbase ved Tresfjord hestesenter. Vi har ca 130 medlemmer fra hele Møre og Romsdal, og vi ser en økende aktivitet og rekruttering. Vi er opptatt av å dekke opp om hele bredden, og satser på både turer og konkurranse. Vi har medlemmer som hevder seg på topp både nasjonalt og internasjonalt.

Tresfjord Hestesenter ligger flott til i Tresfjord, omringet av fjord og fjell.  Her finner vi et godt opparbeidet anlegg, basert på en fantastisk dugnadsinnsats gjennom mange år fra medlemmene i foreningen.

Vi kan blant annet vise til nyrenovert stallbygning med 50 stallbokser, ute og inne. Der finner vi også møtelokale, toaletter og dusj.

Vi har nytt kafeteria/selskapslokale ved siden av ovalbana, som i hovedsak er i bruk under arrangement. Der er det også tilgang til toaletter og dusj.

Vi har oppvarmingsbane, rundpaddock, passbane og ovalbane. Ovalbana er 350 meter og godkjent med internasjonale mål. I utkanten rundt hele anlegget har vi et travspor som er opparbeidet som treningsbane. I tillegg har vi nå fått flombelysning over baneanlegget som gjør at aktiviteten ute kan ivaretas utover høst og vinter.

Vi ønsker å skape et aktivt og godt ridemiljø med islandshest for våre medlemmer.

  • Vi arrangerer konkurranse på nasjonalt nivå.
  • Vi legger forholdene til rette for kurs/rideundervisning.
  • Vi ønsker å samarbeide med institusjoner, foreninger og enkeltpersoner for å fremme interessen for hestesport.
  • Vi vil være med på andre tiltak som kan gjøre ridesporten og bruk av hest mer kjent ute blant folk flest.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med leder:

Ingvild Lindheim Brastad, 95802645, 
ingvildlb@hotmail.com
Vestnes Islandshestforening
Postboks 106
6390 VESTNES

Webansvar

Ingrid Marie Larsen, 40489858, 
ingrid.marie.larsen@hotmail.com

Norsk Islandshestforening (NIHF) har besluttet å innføre en ny IT-løsning for foreningen. Dette er en betydelig forbedring som vil være til stor hjelp for medlemmer, lokallag, arrangører og NIHF. IT-løsningen ligger under linken www.sporti.dk/no

For alle eksisterende medlemmer så er det viktig at en går inn og registrerer seg under Vestnes islandshestforening samt betaler årets kontigent. For nye medlemmer gjelder samme prosedyre og alle er velkommen som medlem i Vestnes islandshestforening :-)

For påmelding til årets sportsstevner (unntatt vintercupen), så skal disse også skje gjennom Sporti. Huskeliste for stevnepåmelding: Les invitasjonen godt, husk gyldig (betalt) medlemskap i din forening/klubb og for de som skal starte World ranking stevner (F.eks. Midtnorsk mesterskap og NM) må også gyldig rytterlisens for det gjeldende året være betalt.

Verv
Navn
Verv
Leder
Ingvild Lindheim Brastad
1 år, på valg 2019
Nestleder
Robert Iversen
1 år, på valg 2020
Sekretær
Ingrid Marie Larsen
1 år, på valg 2019
Sportsutvalget
Runar Inge Larsen
1 år, på valg 2020
Barn/ungdom/bredde
Kjersti Rypdal Vik
1 år, på valg 2020
Avlsutvalget
Bodil Winther
2 år, på valg 2020
Anleggsutvalget
Hege Skodjevåg
2 år, på valg 2020
1. vara
Mona Helen Fauske
1 år, på valg 2019
2. vara
Tove Sønderland
1 år, på valg 2019
Kasserer
Torgeir Stene
1 år, på valg 2019
Revisor
Odd Jarle Talberg
1 år, på valg 2019
Revisor
Lars Fjørtoft
1 år, på valg 2019
Vara for revisor
Torbjørn Sønderland
1 år, på valg 2019
Vara for revisor
Leif Arne Ellingseter
1 år, på valg 2019
Valgkomitè
Miriam F.Flemmen
1 år, på valg 2019
Valgkomitè
Kristin G. Sandne
2 år, på valg 2020
Valgkomitè
Finn Helge Stene
3 år, på valg 2021
Nasjonaldommere
Telefon
E-post
Lokallagsdommere
Telefon
E-post
Torbjørn Sønderland
§ 1 FORMÅL

Laget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer.

Laget sitt formål er å drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komitè.

VIHF har dessutan som mål å:

  • stimulere til og å skape eit aktivt og godt ridemiljø med islandshest for sine medlemmer
  • arrangere konkurransar i riding og hestesport
  • legge forholda til rette for rideundervisning
  • samarbeide med institusjonar, foreningar  og enkeltpersonar for å fremje interesse for hestesport
  • stø opp om ridetilbod til personar med ulike handicap
  • vere med på andre tiltak som kan gjere ridesport og bruk av hest betre kjent blant folk flest
§ 2 ORGANISATORISK TILKNYTING

Laget er medlem av Norges Idrettsforbund (NIF) gjennom Møre og Romsdal Idrettskrets.

Laget er medlem av de(t) særforbund som lagets årsmøte bestemmer

Laget høyrer heime i Vestnes kommune og er medlem av Vestnes Idrettsråd

Reglane i NIF`s lov kapittel 1,2,5,11,12 og 13 gjeld for idrettslag uavhengig av kva som måtte stå i laget si eigen lov.

§ 3 MEDLEMMER

Alle som lover å overhalde laget og overordna myndigheiter sine lover og bestemmelsar, kan bli tatt opp som medlem.

Elles pliktar kvar medlem å overhalde lovene og bestemmelsane som gjeld eige lag , Norges Idrettsforbund og Olympiske Komitè, alle organisasjonsledd og medlemmer.

Ein søkjar kan ikkje takast opp som medlem utan at økonomiske forpliktelsar til andre organisasjonsledd og medlemmer i NIF er gjort opp.

Medlemskap i laget er først gyldig og vert rekna frå den dagen første kontingenten er betalt.

§ 4 STEMMERETT OG VALGBARHEIT

For å ha stemmerett på laget sine møte, må ein medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst ein månad, og ikkje skulde kontingent til laget.

Alle medlemmer som har stemmerett og som ikkje er arbeidstakar i laget, er valgbare til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon.

Medlemmer under stemmerettsalder har utover dette same rettar som andre medlemmer dersom ikkje andre lover er til hinder for det.

§ 5 KONTINGENT

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast på forskot.

Årsmøtet gjer vedtak om eventuelle rabattordningar.

Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og kan av styret strykast som medlem i laget.

Vert ein medlem stroken, kan han ikkje takast oppatt som medlem før all skuldig kontingent er betalt.

Sidan det er ein føresetnad at alle medlemmene i eit lokallag under Norsk Islandshestforening (NIHF) må betale kontingent til hovudforeninga, er det Vestnes Islandshestforening si plikt å innkreve også denne kontingenten.

Kontingentdelen til Norsk Islandshestforening(NIHF) skal utan opphald sendast til kasserar i NIHF.

§ 6 GODTGJERSLE FOR TILLITSVALDE

Tillitsvalde kan motta refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vert påført vedkomande i utføring av eit verv. Tillitsvalde kan motta ei rimeleg godtgjersle for sitt arbeid.

Utgiftene til godtgjersle og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av lagets budsjett og rekneskap.

§ 7 HABILITET

NIF`s habilitetsregler, jfr. NIF`s lov § 2-7 gjeld for alle tillitsvalde, oppnemnde tillitspersonar og tilsette.

§ 8 STRAFFESAKER

For alle straffesaker gjeld NIF`s lov kapittel 11 (NIF`s straffebestemmelsar)

§ 9 ÅRSMØTE

Årsmøtet er laget si høgste myndigheit. Årsmøtet skal haldast kvart år seinast i februar månad.

Årsmøtet vert innkalla av styret med minst 1 månads varsel, på Heimesida og direkte til dei hovudmedlemmane som er utan registrert e-postadresse.

Forslag som skal behandlast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Fullstendig sakliste skal vere tilgjengeleg for medlemmene på Heimesida seinast 1 veke før årsmøtet.

Alle medlemmene i laget har adgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades.

Årsmøtet er vedtaksført med dei stemmeberettiga medlemmene som møter. Ingen har meir enn ei stemme. Det kan ikkje stemmast med fullmakt.

Årsmøtet kan ikkje behandle forslag om lovendring som ikkje er oppført på saklista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan behandlast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det.

Slik avgjerd kan berre takast i samband med vedtak om godkjenning av saklista.

§ 10 LEIING AV ÅRSMØTET

Årsmøtet vert leia av ein vald dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget.

§ 11 STEMMEGIVING PÅ ÅRSMØTET

Med mindre noko anna er bestemt, skal eit vedtak for å vere gyldig, vere gjort med vanleg fleirtal av dei avgitte stemmene.

Valet er hemmeleg viss det ligg føre meir enn eitt forslag eller det vert fremja krav om det. Skal det veljast fleire i den same avstemminga, må stemmesetelen innehalde det antal forskjellige kandidatar som skal veljast ved vedkomande avstemming.

Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslåtte kandidatar, eller eit anna antal kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje og stemmene vert å sjå på som ikkje avgitt.

Når eit val foregår enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvpartenav dei avgittestemmene, vert det bunde omval mellom dei to kandidatane som har oppnådd flest stemmer.

Er det ved omval stemmelikheit, vert valet avgjort ved loddtrekning.

Når det ved val skal veljast fleire i ei avstemming, må alle for å vere vald ha meir enn halvparten av dei avgitte stemmene. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar. Viss ikkje tilstrekkeleg mange kandidatar har oppnådd dette i første omgang, er dei vald som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det vert deretter bunde omval mellom dei andre kandidatane. 

Etter denne avstemminga er dei som har fått flest stemmer vald. Er det ved omval stemmelikheit, vert valet avgjort ved loddtrekning.

§ 12 ÅRSMØTETS OPPGÅVER

Årsmøtet skal:

  1. Behandle laget si årsmelding
  2. Behandle laget sin rekneskap i revidert stand
  3. Behandle innkomne forslag
  4. Fastsette kontingent
  5. Vedta laget sitt budsjett
  6. Bestemme laget sin organisasjon
  7. Valg av:
    a: Leiar og nestleiar 
    b: Kasserar, sekretær og 3 styremedlemmer 
    c: 2 vararepresentantar til styret 
    d: 2 revisorar 
    e: Utsendingar til årsmøtet i NIHF
    f: Representantar til Forvaltningsstyret for Tresfjord Hestesenter 
    g: Representant(ar) til andre ting og møter i dei organisasjonar VIHF er tilslutta.

Alle styreverv gjeld for 2 år. 3 frå styret, styreleiar og vararepresentantane er på val kvart år.

  1. Talet på styremedlemmer er 7.
  2. Utanom styreleiar og sekretær skal kvar av dei 5 styremedlemmene vere leiar for kvart av desse utvalga: Barn og ungdom, avl, sport, anlegg, tur og breidde.
  3. Leiaren i kvart utvalg innstiller medlemmene til sitt utvalg.
  4. Samansettinga av utvalga skal godkjennast av styret.
  5. Funksjonstida for dei enkelte utvalg følgjer funksjonstida til leiaren av det enkelte utvalg.
  6. Oppgåvene til det enkelte utvalg skal evaluerast av utvalga sjølve og leggast fram for styret til godkjenning.
§ 13 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Ekstraordinære årsmøter vert haldne når styret eller overordna idrettsmyndigheit bestemmer det, eller når minst ein tredel av dei stemmeberettiga medlemmene krev det.Det vert innkalla på same måten som for ordinære årsmøter med minst 14 dagars varsel.Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle og ta avgjersle i dei saker som er kunngjort i innkallinga.

§ 14 STYRET

Laget vert leia av eit styre som er laget si høgste myndigheit mellom årsmøta.Styret skal:

  1. Iverksette vedtak og bestemmelser frå årsmøtet og overordna myndigheiter slik som å sende opplysningar til overordna idrettsorgan som NIHF, Møre og Romsdal Idrettskrets, Vestnes Idrettsråd m.m. til rett tid.
  2. Oppnevne etter behov komitèar/utvalg/personar for særskilde oppgåver og utarbeide instruks for desse.
  3. Administrere og føre nødvendig kontroll med økonomien i laget i samsvar med dei til ei kvar tid for idretten gjeldande instruksar og bestemmelsar.
  4. Representere laget i ulike samanhengar.

Styret skal halde møte når leiaren bestemmer eller eit fleirtal av styremedlemmene krev det.Styret er vedtaksfør når eit fleirtal av styremedlemmene er til stades.Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgitte stemmene. Ved stemmelikheit tel møteleiaren si stemme dobbelt.Nestleiar trer inn i leiaren sine funksjonar når leiaren er fråverande. 

§ 15 GRUPPER / AVDELINGAR

Laget kan organiserast med avdelingar og/eller grupper. Desse kan leiast av oppnemnde tillitspersonar eller valde sektorstyre.Det er årsmøtet som bestemmer oppretting av avdelingar/grupper og korleis desse skal organiserast og leiast.Heile laget er ansvarleg for eventuelle økonomiske forpliktelsar som avdelingar / grupper inngår, og desse kan ikkje inngå avtalar eller representere laget utad utan styret si godkjenning

§ 16 LOVENDRING

Endringar i denne lova kan berre vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore oppført på saklista.Lovendringar må godkjennast av idrettsstyret og trer ikkje i kraft før dei er godkjende. 

§ 17 OPPLØYSING

Oppløysing av laget kan berre behandlast på ordinært årsmøte.Blir oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal ekstraordinært årsmøte innkallast 3 månader seinare.For at oppløysing skal vere gyldig, må vedtaket på det ekstraordinære årsmøtet gjentakast med minst 2/3 fleirtal.Samanslutning med andre lag vert ikkje sett på som oppløysing av laget.Vedtak om samanslutning og  nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, vert gjort i samsvar med med bestemmelsane om lovendring, jfr. § 16.I tilfelle oppløysing eller anna opphøyr av laget, skal laget sine eignelutar tilfalle NIF eller føremål som er godkjend av idrettsstyret i Møre og Romsdal.Ved oppløysing skal laget sitt arkiv sendast til Møre og Romsdal Idrettskrets. 

§ 17 kan ikkje endrast.

Her finner du linker til møtereferat:

Årsmøte 2018
(
14
.
03
.
2018
)